|
|
Patrick Thoresen får rolle i Noregs Ishockeyforbund Det er berre nokre dagar sidan Patrick Thoresen la skøytene på hylla. No er han klar for ei ny rolle i Noregs Ishockeyforbund.
Han skal vere sportsleg ansvarleg for A-landslaget for menn, det kjem fram under pressekonferansen, tysdag.
Kontrakten byrjar alt i september og gjeld i to år.
– Me håpar at han kan bli forlenga, men der Patrick er no med nyleg avslutta karriere, føler me det er fair for alle partar av me kjenner litt på kvarandre i ei ny rolle, seier generalsekretær Petter Salsten.
– Det er ein fin rolle for meg å gå inn i no rett etter karrieren. Eg har spelt saman med mange av spelarane eg no skal samarbeide med, seier Thoresen.
Thoresen skal ha dialog med aktuelle landslagsspelarar og deira klubblag. Han skal også bidra med å tilsette trenarar og delta i uttak.
– Eg er takknemleg for å få denne sjansen, seier Thoresen.
41-åringen gav seg som aktiv etter førre sesong. Då var han ein del av Djurgården i den svenske toppdivisjonen. Han har også spelt for fleire storklubbar som Philadelphia Flyers (NHL), Edmonton Oilers (NHL) og SKA St. Petersburg (KHL).
Hockeykjempa fekk 105 offisielle kampar i OL og VM for Noreg. (NRK/NTB) |
Publisert: 10:03 19-08-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 19-08-2025 klokken 12:23. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/patrick-thoresen-far-rolle-i-noregs-ishockeyforbund-1.17533292 Artikkelen har til nå hatt 19 visninger og 17 klikk.
|
|
|