|
|
Christian Michelsen er ferdig i Sarpsborg 08 Christian Michelsen er ferdig som hovudtrenar for eliteserielaget Sarpsborg 08 etter berre et drygt år i jobben. Også assistent Joakim Klæboe er ferdig i klubben.
Det opplyser klubben sjølv i ei pressemelding.
Avskjeden kjem etter fire strake tap og seks kampar utan siger. Det skjer også dagen etter at dagleg leiar Raymond Fjeld opplyste til Sarpsborg Arbeiderblad at det ikkje var aktuelt å gjere endringar rundt laget.
– Eg er stolt og audmjuk over å ha fått vere hovudtrenar for ein fantastisk klubb med fantastiske fans og gode støttespelarar. Eg har kost meg stort, men skulle gjerne sette dette vare lenger, seier Michelsen.
Michelsen og Klæboe har leia Sarbsborg til cupfinale denne sesongen, men i serien har det lugga. Der ligg sarpingane på 11. plass med berre 22 poeng.
(NTB) |
Publisert: 07:14 20-08-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 20-08-2025 klokken 09:21. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/christian-michelsen-er-ferdig-i-sarpsborg-08-1.17534355 Artikkelen har til nå hatt 17 visninger og 19 klikk.
|
|
|