|
|
Kjempesmell for Tyskland i VM-kvalifiseringa Slovakia vann overraskande 2–0 over Tyskland i Tyskland sin fyrste kamp i kvalifiseringa til VM.
Tapet mot Slovakia er fyrste gong Tyskland har tapt ein bortekamp i ei VM-kvalifisering.
Det var David Hancko som sette den fyrste ballen i nettmaskene for vertane.
Kvelden blei mørkare for Tyskland, då David Strelec skåra det andre målet for Slovakia. Tyskland klarte ikkje hente inn leiinga, og tapte 2–0.
Dette var Tyskland sin 48. bortekamp i VM-kvalifiseringa. Før torsdagens tap, hadde dei 37 sigrar og spelt uavgjort ti gonger.
Tyskland ligg no på sisteplass i gruppe A. Andre land i gruppa er Luxenbourg, Slovakia og Nord-Irland som leiar gruppa. |
Publisert: 20:39 04-09-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 04-09-2025 klokken 22:51. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/kjempesmell-for-tyskland-i-vm-kvalifiseringa-1.17556228 Artikkelen har til nå hatt 8 visninger og 0 klikk.
|
|
|