|
|
Trenaren skada seg i vill feiring Det tok fullstendig av på Sarpsborg stadion etter at heimelaget scora to mål på overtid og sikra poeng i 3-3-kampen mot Viking. På tribunen sat Martin Foyston, som skal leie laget ut sesongen frå og med neste kamp.
– Sander (Nyland) og trenarapparatet har gjort ein fantastisk jobb. Eg er veldig stolt av dei. Det var ein skikkeleg «aldri gi opp»-haldning. Eg tek null av æra. Eg er berre glad for å at eg var her og fekk oppleve det, seier Foyston til NRK.
Engelskmannen gjekk også av hengslene på tribuneplass. I intervju med NRK har han ein ispose rundt fingeren.
– Det var litt for mange metallstenger rundt der eg sat. Det kan skje, men det var verdt det, seier Foyston med eit stort smil.
– Er den brekt?
– Nei, det går bra. For meg symboliserer det entusiasme, lidenskap, stoltheit og kjærleik for spelet. |
Publisert: 19:09 27-09-2025 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 27-09-2025 klokken 22:12. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/trenaren-skada-seg-i-vill-feiring-1.17589016 Artikkelen har til nå hatt 40 visninger og 8 klikk.
|
|
|