Lokalstarten.no LOGO
 Brukernavn
 
Passord

Ny bruker
Glemt passord?

Google Bing Lokalstarten Nyheter Kvasir Kvasir jr. Været 1881 tlf 1881 Kart Firma Gule sider
YouTube IMDb Ordbok Wikipedia Store Norske Engelsk til Norsk Norsk til Engelsk

123 Nyheter VG dagbladet aftenposten NRK YR 1881 FINN Norsk Tipping Youtube Facebook
28
 Tirsdag  28. Okt. 2025
Nyhets kategorier
Forsiden, siste nytt
Datanyheter
Helsenyheter
Innenriks
Sport
Toppsaker
Utenriks
Været
Økonomi

De nyeste artiklene
Lagerguiden | Finn ledig lagerplass
Blandingsraser er mer populære enn noensinne
Sterk vekst i elektriske busser
Lokaler til leie i Trondheim
Slik får du økt sikkerhet i hjemmet og på arbeidsplassen
Flytte treningsutstyr
Flyttehjelp i Oslo
5 Tips For Deg Som Skal Pusse Opp
Knallgode kyllingretter på grillen
Grillspyd + pasta = sant
Cookies på Lokalstarten.no
Smak til folket

Pakkesporing
Posten:
Bring:





Bodø/Glimt knuste Molde: – Dei leikar seg
Bodø/Glimt held fram det gode spelet i Eliteserien, etter 4-1-mot Molde søndag kveld, er nordlendingane berre eitt poeng bak Viking i Eliteserien, med ein kamp mindre spelt. I sigeren mot Molde var det sjølvsagt Bodø/Glimt som tidleg tok grep om kampen. Allereie etter kvarteret spelt opna dei gulkledde målkontoen. Bodø/Glimt rulla opp ei herleg angrep. Fredrik Sjøvold la ballen attende til kaptein Patrick Berg som frå 16–17 meter enkelt skrudde ballen rundt Molde si målvakt Karlström. Berg sitt mål var på sin plass i kampen Glimt brukar til å feire 50-årsjubileum for cuptriumfen deira over Vard i 1975, der bestefar Harald Berg var kaptein. – Det var ein 50-årsdag verdig etter triumfen i 1975, seier Patrick Berg til TV 2 etter kampen. Ifølgje TV2-kommentator Peder Mørtvedt har Bodø/Glimt scora først i 25 av 25 kampar i Eliteserien 2025. Og det heldt fram med å gå på skeiner for Glimt i jubileumskampen på Aspmyra. Dei gule fekk straffe etter at Jalal Abdullai tok eit godt grep rundt Kasper Høgh, og med det vart det dømt straffe til heimelaget. Sondre Brunstad Fet var sikker frå kritmerket, og Glimt gjekk til pause med 2–0. Men da mange trudde at Molde var køyrt, så dukka Oskar Spiten-Nysæter opp. Han tek ballen frå Risa ned på brystkassa, dyttar unna Fredrik Bjørkan før han fossa inn i Glimt sin 16-meter, og med venstrefoten banka han inn sitt første Molde-mål. Halvvegs inn i andre omgang så slukna Molde sitt håp igjen. Molde sin målvakt Karlström blir sett under press, og spelar da ballen ut til Jacob Christensen. Håkon Evjen snik seg framfor dansken og klinkar til å direkten. Ballen går i mål, og så var Bodø/Glimt oppe i 3–1. – Dei leikar seg mot slutten av kampen her, kommenterte TV 2 sin kommentator Peder Mørtvedt. Banens beste Patrick Berg tykte etter kampen at dei måtte få godkjent i 4-1-sigeren. – Det er heilt ok. Det er lenge sidan vi har vore så gode mot Molde på heimebane, seier Berg til TV 2. Mot slutten av kampen heldt Bodø/Glimt i gang overkøyringa av Molde. Andreas Helmersen var sistemann på ballen. Kampen enda med det 4–1 til Bodø/Glimt. Molde har det på andre sida noko verre. Med fire serierundar att ligg dei på 13.-plass i ligaen, fem poeng framfor Bryne som ligg på plassen som gjev nedrykkskvalifisering.


Publisert: 17:50 26-10-2025   
Kilde: NRK

Les hele saken hos


Artikkelen tilhører kategorien:
Artikkelen ble indeksert den 26-10-2025 klokken 19:31.
Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/bodo_glimt-knuste-molde_-_-dei-leikar-seg-1.17627491
Artikkelen har til nå hatt 11 visninger og 3 klikk.





Annonser

Flere tjenester
Om oss
Politikontroller
Kilo, mega, giga osv Værmelding


LOGG INN, SÅ SLIPPER DU BANNER-REKLAME










Copyright © 2001-2025 Tveit MEDIA All rights reserved.
Utviklet av Ola Sigmund Tveit,
Tveit-media.no

Personvern for hele nettstedet. (Privacy Policy)