|
|
Kirkeeide med sterk etappe på stafetten: – Det villaste eg har sett Dei norske kvinnene imponerte under stafetten i tyske Oberhof, og tok ein sterk andreplass framfor Tyskland.
Ingen kunne gjere noko med dei franske kvinnene, som vann 53,7 sekund framfor Noreg.
Maren Hjelmeset Kirkeeide skaut ein rask serie på siste ståande skyting, og sikra andreplassen for Noreg framfor Tyskland.
– Det er det villaste eg har sett. Åh, helledussen! Ho psyka ut Franziska Preuss, sa TV2s Tiril Eckhoff etter Kirkeeide sin siste serie.
– Det var veldig kult. Det er mykje trykk her når tyskarane skyt. Det er kult å få oppleve, seier Kirkeeide til NRK.
Også lagvenninne Ingrid Landmark Tandrevold er imponert.
– Vi hadde ståltrua på Maren, og det er det all grunn til å ha. Eg veit ikkje kva ein skal seie. Maren er berre klin kokos. Eg trur aldri eg har sett liknande. Wow!, seier Tandrevold til TV 2. Ho måtte sjølv ein tur i strafferunden på si etappe.
– Maren leverer ein superetappe, seier NRKs ekspert Ola Lunde.
Marthe Kråkstad Johansen la grunnlaget for resten av stafettlaget. Med to fulle hus kunne ho sende Ingrid Landmark Tandrevold ut på ein andreplass.
Tandrevold, som fekk ein bom, sende Karoline Knotten ut på ein tredjeplass. |
Publisert: 14:44 10-01-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 10-01-2026 klokken 16:38. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/kirkeeide-med-sterk-etappe-pa-stafetten_-_-det-villaste-eg_har-sett-1.17722277 Artikkelen har til nå hatt 11 visninger og 0 klikk.
|
|
|