|
|
Arsenal tok første stikk i ligacupsemifinalen – slo Chelsea 3–2 Arsenal sikra seg eit godt utgangspunkt då dei slo Chelsea 3–2 på bortebane i den første ligacup-semifinalen tysdag.
Bortelaget tok kommandoen frå start. Ben White sytte for leiing då han kriga inn det første målet, noko som også var den einaste skåringa i første omgang.
Etter kvilen skrudde Arsenal opp tempoet. Viktor Gyökeres dobla leiinga etter forarbeid frå nettopp White, og bortelaget såg ut til å kontrollere alt på Stamford Bridge.
Alejandro Garnacho tente håpet for heimefansen då han reduserte til 1–2 etter 57 minutt, men Martín Zubimendi slo raskt tilbake. I det 71. minutt smalt han ballen i hjørnet og sytte for tomålsleiing til Arsenal.
Chelsea nekta å gje seg, og i det 83. minutt var Garnacho frampå på ny. Reduseringa til 2–3 skapte ny nerve i kampen, men Arsenal heldt ut sluttminutta og tek med seg ei eittmålsleiing til returoppgjeret. |
Publisert: 21:55 14-01-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 14-01-2026 klokken 23:25. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/arsenal-tok-forste-stikk-i-ligacupsemifinalen-_-slo-chelsea-3_2--1.17728322 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|