|
|
Hedegart og Amundsen vidare etter kanonprolog Harald Østberg Amundsen og Einar Hedegart på Noregs førstelag gjekk lett vidare frå prologen i lagsprinten i langrennsverdscupen i Sveits.
– Svært solid tid på Hedegart! Det er rett og slett imponerande det han viser, sa NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland i det Hedegart gjekk inn i leiinga i prologen.
Noreg stilte også med eit andrelag: Ansgar Evensen og Even Northug. Dei fekk det litt tyngre, men klarte å kvalifisere seg til finalen.
– Han verkar litt tung i dobbeldans-taka. Men også han får juling av Hedegart, sa Aukland då Northug kjempa seg over målstreken.
Noreg sitt førstelag blei nummer to i prologen, slått av Sveit med Janik Riebli og Valerio Grond. USA med Ben Ogden og Gus Schumacher blei nummer tre. |
Publisert: 12:23 23-01-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 23-01-2026 klokken 13:23. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/hedegart-og-amundsen-vidare-etter-kanonprolog-1.17740341 Artikkelen har til nå hatt 5 visninger og 0 klikk.
|
|
|