|
|
NRK-ekspert rosar langrennskomet: – Viser ingen respekt Karoline Grøtting og Tiril Udnes Weng viste god form i sveitsiske Goms og leia lagsprinten frå start.
Weng, som gjekk den siste etappen, tapte likevel på oppløpet. Coletta Rydzek var sterkast i spurten og gjekk Tyskland inn til siger. Julie Bjervig Drivenes kom også som ei kule bak Weng og tok andreplassen.
– Ein god norsk dag med andre- og tredjeplass. Julie Drivenes sin spurt er svært solid, seier NRK-ekspert Fredrik Aukland.
Tyskland vann framfor, Noregs førstelag beståande av Astrid Øyre Slind og Drivenes, medan Noregs andrelag med Weng og Grøtting kom på tredje.
Drivenes og Grøtting tok difor også sine første pallplassar i verdscupen.
Grøtting, som fekk sin verdscupdebut førre veke, kunne leggje godt til rette for Weng. På den nest siste etappen, gjekk dei norske laga side om side.
– Viser ingen respekt for Slind her Grøtting, og får den leiinga ho ønsker, sa Aukland inn mot den siste vekslinga.
Fredagens resultat var også ein opptur for Weng, som har slite med sjukdom dei siste to sesongane.
– Det er ein opptur for Tiril Udnes Weng. Det er lenge sidan eg har sett ho så frisk i motbakkepartiet og på oppløpet. Det viser at det startar å losne for Tiril Udnes Weng, seier Aukland. |
Publisert: 13:51 23-01-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 23-01-2026 klokken 16:10. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/nrk-ekspert-rosar-langrennskomet_-_-viser-ingen-respekt-1.17740404 Artikkelen har til nå hatt 2 visninger og 0 klikk.
|
|
|