|
|
Hyllar Sørloth før skjebnekampen: – Kanskje i sitt livs form Kjetil Knutsen via tid til å snakke om landslagsspiss Alexander Sørloth før storkampen Atlético Madrid i Meisterligaen.
– Han er ein verdsklassespelar, sa Glimt-trenaren.
På onsdag spelar Bodø/Glimt mot det spansek storlaget i Meisterligaen. På andre banehalvdel står mellom andre Sørloth.
– Han er kanskje i sitt livs form. Du ser at det er ein spelar som sprudlar, at han har det bra i livet. Han er ekstremt fysisk sterk, sa Knutsen då han møtte pressa tysdag.
– Han er undervurdert på ein del ting: feilvendt, jobbar hardt, spring veldig mykje med nesa også mot motstandarmålet, sa Knutsen vidare.
Glimt kjem rett frå ein krutsterk 3–1-siger mot Manchester City på Aspmyra stadion.
Sjølv om sigeren mot dei engelske meistrane gav sjølvtillit, må laget ha tre poeng mot den spanske storklubben for å ha håp om avansement. I tillegg må fleire andre resultat gå Glimt sin veg.
– Det blir ein ekstremt tøff kamp å møte lag som kjempar om topp åtte. Me håpar at Atlético Madrid ikkje er ein av dei laga, det må vere lov å seie, sa Knutsen.
Madrid-laget treng ein siger for å kome seg innanfor topp åtte, som går rett til åttedelsfinale. |
Publisert: 14:53 27-01-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 27-01-2026 klokken 16:37. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/hyllar-sorloth-for-skjebnekampen_-_-kanskje-i-sitt-livs-form-1.17744961 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|