|
|
Snø i Madrid berre timar før skjebnekamp mot Bodø/Glimt Den spanske hovudstaden er ramma av eit snøfall, berre timar før Bodø/Glimt møter Atlético Madrid i Meisterligaen onsdag.
– Det er koseleg for Glimt-spelarane å vakne opp til snøvêr, så dei føler seg litt heime. Når dei ser at det er kaldt og litt kvitt på biltaka, så tenker dei kanskje at sjansane deira aukar litt. Madrid-spelarane er nok ikkje så vande til at det snør såpass, men eg trur ikkje det kjem til å påverke banen, seier NRKs ekspert Carl Erik Torp.
Då heimelaget skulle trene tysdag, sørga hagl og regn for at bana flaut over av vatn, og økta måtte utsetjast i 30 minutt. Det er meldt rundt fem grader under kveldens kamp.
Glimt kjem rett frå ein krutsterk 3–1-siger mot Manchester City på Aspmyra stadion.
Sjølv om sigeren mot dei engelske meistrane gav sjølvtillit, må laget ha tre poeng mot den spanske storklubben for å ha håp om avansement. I tillegg må fleire andre resultat gå Glimt sin veg.
Madrid-laget treng ein siger for å kome seg innanfor topp åtte, som går rett til åttedelsfinale.
Kampen blir spelt kl. 21.00, du kan høyre han på NRK radio. |
Publisert: 11:10 28-01-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 28-01-2026 klokken 12:50. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/sno-i-madrid-berre-timar-for-skjebnekamp-mot-bodo_glimt-1.17746092 Artikkelen har til nå hatt 5 visninger og 1 klikk.
|
|
|