|
|
Sørloth skriven ut frå sjukehus etter hovudsmell – reiser heim til Madrid Alexander Sørloth måtte ut på båre i kampen mot Levante i La Liga laurdag kveld.
Seinare på kvelden opplyser Atletico at Sørloth er skriven ut frå sjukehusopplyser klubben. Nordmannen reiser no heim til Madrid med resten av laget.
– Undersøkingar av Alexander Sørloth utelukkar brot og blødingar i kraniet, skriv Atletico på X.
Nordmannen starta kampen mot Levante. 22 minutt ut i kampen skulle Sørloth forsvare eit hjørnespark i eigen sekstenmeter.
Etter ein duell med Levante-spelar Matias Moreno vart spissen liggande i over tre minutt med medisinsk personell rundt seg. Han vart etter kvart frakta ut på båre. Han var ved bevisstheit, men med tydelege smerter.
Julian Alvarez erstatta nordmannen. Moreno vart også bytta ut like etter.
Det endte med 0-0 og poengdeling på Ciudad de Valencia. (NRK/NTB) |
Publisert: 17:56 31-01-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 31-01-2026 klokken 22:38. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/sorloth-skriven-ut-fra-sjukehus-etter-hovudsmell-_-reiser-heim-til-madrid-1.17750802 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 0 klikk.
|
|
|