|
|
Forfang i sorg: – Pappa var min helt Skihoppar Johann André Forfang er i sorg etter at faren gjekk bort laurdag, det deler han på sin eigen Instagram.
– I går kveld sovna pappa stille inn etter å ha kjempa tappert mot kreften i litt over et år, skriv han.
Forfang har vore open om farens kreftsjukdom. For eit år sidan dedikerte han ein verdscupsiger i Lake Placid til faren.
– Ord kan ikkje beskrive det tomrommet han etterlet seg. Pappa var min helt og mitt moralske kompass. Hans siste ønske var at eg skal hoppe hopprenn og reise til OL. Så det skal eg, skriv han vidare.
Forfang er tatt ut til å representere Noreg under OL i Nord-Italia om litt over ei veke.
Forfang skal etter planen hoppe søndagens storbakkerenn i tyske Willingen.
– Eg snakka med ham nå til frukosten, og Johann seier at det var Hugos største ønske at han skal hoppe. Så viss det ikkje skjer noko, er det planen at han skal hoppe i dag, seier hoppsjef Jan-Erik Aalbu til Nettavisen. |
Publisert: 10:02 01-02-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 01-02-2026 klokken 11:17. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/forfang-i-sorg_-_-pappa-var-min-helt-1.17751085 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|