|
|
Fredrik Møller køyrer super-G onsdag: – Var sikker på eg skulle heim Fredrik Møller køyrer super-G onsdag kl. 11.30, det melder han til NRK.
– Eg var sikker på at skulle sitte på eit fly på veg heim same dagen som eg tryna, fortel Møller til NRK måndag, få dagar etter at han fall på trening.
Han har spesielt slite med leggen dei siste dagane, men no er kroppen mykje betre.
– Det kjennest veldig greitt ut no, og er veldig glad for at eg får meg med meg ein konkurranse i alle fall.
Alpinist Fredrik Møller fekk ingen god opning på OL då han fall i Bormio under sin første utfortrening og fekk store smerter i skuldra og leggen.
25-åringen blei lagt på båre etter fallet.
Han mista derfor OL-utforen som gjekk av stabelen laurdag.
Alpinisten frå Oppdal har levert varierande resultat denne sesongen i super-G og ligg for augneblinken på 12.-plass i verdscupen. Førre sesong vart han nummer fem i same grein.
I utforen stilte Noreg berre med Adrian Smiseth Sejersted.
Det er planlagt at nemnde Møller, Adrian Smiseth Sejersted og Simen Sellæg representerer Noreg i onsdagens super-G. |
Publisert: 16:21 09-02-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 09-02-2026 klokken 18:38. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/fredrik-moller-koyrer-super-g-onsdag_-_-var-sikker-pa-eg-skulle-heim-1.17762111 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 0 klikk.
|
|
|