|
|
Reistad verdas beste spelar for tredje gong Henny Reistad er historisk, etter at ho som første norske kvinnelege handballspelar, for tredje året på rad er kåra til verdas beste spelar.
Prisen som delast ut av Det internasjonale handballforbundet, er den gjævaste individuelle utmerkinga i handballen.
– Det betyr verkeleg mykje for meg. Og eg føler meg utruleg takknemleg for å få spele sporten eg elskar saman med så mange flotte menneske – og samtidig ha den beste støtta frå familie og venner, seier Reistad i ein uttale til IHF.
Reistad var i år éin av tre nominerte, og vann med over halvparten av stemmene etter eit år preget av eineståande prestasjonar både på klubbnivå og i landslaget.
Katrine Lunde og brasilianske Bruna de Paula Almeida var også nominert til prisen.
Reistad blei toppscorar både i meisterligaen og i VM i fjor.
Saman med legenda Cristina Neagu er Reistad den einaste som har fått prisen tre år på rad.
Danske Mathias Gidsel fekk prisen for beste mannlege spelar. Også han får prisen for tredje gong på rad. |
Publisert: 11:16 13-02-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 13-02-2026 klokken 13:03. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/reistad-verdas-beste-spelar-for-tredje-gong-1.17768163 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|