|
|
Liverpool-talent signerer for MFK 19-år gamle Trent Koné-Doherty har signert kontrakt for Molde Fotballklubb.
Han kjem opphaveleg frå Irland, og har tidlegare spelt for irske Derry City og engelske Liverpool.
– Det er veldig kjekt å hente ein spelar som ser at vi er ein destinasjon og ein plass der han kan utvikle seg, seier sportssjef Ole Jakob Valla Strandhagen.
Kone-Doherty har spelt ein rekke kampar for Liverpools U21-lag, og éin kamp på førstelaget.
No har han signert ein fireårskontrakt for moldensarane.
19-åringen seier at han hadde fått eit tilbod frå Liverpool, men at han følte det var riktig for han å velje Molde.
– Eg er klar for å spele på førstelaget, og det er derfor eg er her. Eg gler meg til å komme i gang, seier han til NRK. |
Publisert: 17:59 27-02-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 27-02-2026 klokken 21:31. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/mr/liverpool-talent-signerer-for-mfk-1.17788637 Artikkelen har til nå hatt 2 visninger og 1 klikk.
|
|
|