|
|
Perrot sikra normalcupen i skiskyting – Lægreid og Christiansen på pallen Franske Éric Perrot vann 20-kilometeren i Kontiolahti etter ein duell mot Sturla Holm Lægreid og Vetle Sjåstad Christiansen.
– Eit av dei beste løpa som har blitt gått i år, seier TV2s ekspert Ole Einar Bjørndalen om løpet til franskmannen.
Dei tre løparane kjempa om leiinga undervegs i rennet. Alle tre skaut fire fulle hus. Men til slutt var Perrot sterkast. Lægreid tok andreplass, medan Christiansen tok tredje.
– Ei fantastisk gjennomføring. Han er jo blant verdas beste, sa NRKs ekspert Ola Lunde etter Lægreid sin siste serie.
Trass fleire medaljar i OL, tok Lægreid sin første pallplass i verdscupen denne sesongen.
Før fredagens renn kjempa franske Éric Perrot og Johan-Olav Botn om samanlagdsigeren i normalcupen. Berre to poeng som skilde dei to.
Perrot fylte raskt på standplass, medan Botn fekk tre bom. Botn ligg på førebels 19. plass.
Perrot vinn derfor normalcupen samanlagt og aukar leiinga i totalcupen etter fredagens renn i Finland. |
Publisert: 17:25 06-03-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 06-03-2026 klokken 18:39. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/perrot-sikra-normalcupen-i-skiskyting-_-laegreid-og-christiansen-pa-pallen---1.17797851 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 1 klikk.
|
|
|