|
|
Lægreid trudde han skulle vinne normalen – så kom ein lynrask franskmann Franske Éric Perrot vann 20-kilometeren i Kontiolahti etter ein duell mot Sturla Holm Lægreid og Vetle Sjåstad Christiansen.
Undervegs i løpet trudde Lægreid at han skulle vinne.
– Eg visste ikkje om kampen mot Perrot før eg var halvvegs på sisterunden. Eg trudde eg kom til å vinne, så høyrer eg at han leiar, fortel Lægreid til NRK etter rennet.
Perrot, Lægreid og Christiansen kjempa om leiinga undervegs i rennet. Alle tre skaut fire fulle hus. Men til slutt var Perrot sterkast. Lægreid tok andreplass, medan Christiansen tok tredje.
– Eg fekk sekunderingar mot dei andre som gjekk raskt på ski. Eg gjekk også fort på ski, og så skyt eg tjue treff og tenkjer «det blir sikkert siger», men Vetle og Eric var like gode i dag. Og Eric litt betre. Det heldt ikkje til siger i dag, men ein bra andreplass, seier Lægreid.
Før fredagens renn kjempa franske Éric Perrot og Johan-Olav Botn om samanlagdsigeren i normalcupen. Berre to poeng som skilde dei to.
Perrot fylte raskt på standplass, medan Botn fekk tre bom. Botn hamna på 19. plass.
– Eric leverte i dag, eg hadde ikkje moglegheit å slå han i dag. Han gjekk fort og skaut bra. Han fortente det i dag, seier Botn til NRK etter rennet.
Perrot vinn derfor normalcupen samanlagt og aukar leiinga i totalcupen etter fredagens renn i Finland. |
Publisert: 17:25 06-03-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 06-03-2026 klokken 19:25. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/laegreid-trudde-han-skulle-vinne-normalen-_-sa-kom-ein-lynrask-franskmann-1.17797851 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 1 klikk.
|
|
|