|
|
Saltvik Pedersen knust halvvegs i superkombinasjonen Jesper Saltvik Pedersen er igjen stor medaljekandidat når superkombinasjonen i alpint er i gang i Cortina. Men det blir tøffare enn venta.
Først køyrer dei super-G, før det er slalom i ettermiddag.
I super-G omgangen valde Pedersen å køyre med utfor-ski, noko som føreset stor fart.
– No synest eg han verkeleg går for det, sa NRKs ekspert Beate Cathrin Haugen undervegs i løpet.
Sjølv om han køyrde inn til leiing var det store kanonar som venta bak.
Først sette Rene de Silvestro ei supertid, over sekundet framfor nordmannen. Og like etter køyrde gårsdagens super-G vinnar Jeroen Kampschreur enda eit sekund betre enn italienaren.
Førebels ligg Jesper Saltvik Pedersen på ein fjerde plass, 2,23 sekund bak leiaren Kampschreur og 1,08 sekund opp til pallen.
– Det er eit stykke opp, men alt kan skje i slalom. Eg har køyrt inn meir før, sa nordmannen etter rennet.
Magnus Valø Balchen tapte mykje tid og ligg i det nedre sjiktet før den siste omgangen.
Den andre omgangen, som er i slalom, startar etter planen 14.40. |
Publisert: 10:01 10-03-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 10-03-2026 klokken 11:33. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/saltvik-pedersen-knust-halvvegs-i-superkombinasjonen-1.17802226 Artikkelen har til nå hatt 2 visninger og 1 klikk.
|
|
|