|
|
Noreg med utradisjonell manøver: – Uhyre sjeldan at det skjer Noregs curlinglag i Paralympics bytta skip midt i kampen mot Sør-Korea tirsdag.
Etter fire omgangar i kampen valde det norske laget å bytte ut skipen på laget, Jostein Stordahl.
– Eg har vell ikkje helt dagen. Eg bomma på viktige nøkkelsteinar, og det har vi ikkje råd til i kampen i dag, sa Stordahl i intervjuet med NRK i etterkant.
– Er du einig i avgjerda?
– Ja, altså vi pleier å gjere det viss det trengst. Det er trenarens sin avgjerd, og det er helt greitt.
Reserve Ingrid Djupskås vart bytta inn og Geir Arne Skogstad tok plassen som skip.
– Er det lov å bytte undervegs? spør NRKs kommentator Patrick Rowlands.
– Ja, men det er veldig spesielt og uhyre sjeldan at det skjer, svarte NRKs curlingekspert Pia Trulsen.
Etter dei første fire omgangane leia koreanarane 6-0 mot Noreg. Og vann kampen til slutt 9-0.
Dette er ein kamp Noreg absolutt burde ha vunne for å ha sjanse til å nå semifinalane i Paralympics. Eit meisterskap som har starta svært dårleg for det norske laget, med fem tap på fem kampar.
Dei møter vertsnasjonen Italia i kveld 18.35. |
Publisert: 10:54 10-03-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 10-03-2026 klokken 12:19. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/noreg-med-utradisjonell-manover_-_-uhyre-sjeldan-at-det-skjer-1.17802239 Artikkelen har til nå hatt 2 visninger og 1 klikk.
|
|
|