|
|
Knotten skal operere om åtte veker Skiskyttar Karoline Knotten fortel til NRK at ho skal opererer blindtarmen om åtte veker.
Knotten vart sjuk under verdscupen i Holmenkollen og etter kvart blei det oppdaga ein infisert og sprokken blindtarm.
Ho seier at ho vart overraska over at operasjonen ikkje skjedde med ein gong.
– At min har vore der i to månader er litt rart. Men det er jo mange grunnar til det. Kanskje at den ligg litt høgt oppe. Eg er ikkje lege, men eg har lært mykje om det og eg forstår det ikkje heilt, seier Knotten til NRK.
Ho forklarar vidare at ein ventar på at hevelsen skal gå ned før operasjonen finn stad.
Knotten forventar å kunne trene for fult igjen tre veker etter operasjonen. Ho seier at uvissa før man fann årsaka til magesmerta var verst og at ho i periodar har vore redd.
– Det er jo faktisk mykje betre enn å gå rundt og lure. Man blir jo litt redd, men det trur eg man alltid er. Når du sit på sjukehussenga der med mamma din på sida, som er lei seg og stressa, så er jo ikkje det noko gøy heller. |
Publisert: 13:22 19-05-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 19-05-2026 klokken 13:22. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/knotten-skal-operere-om-atte-veker-1.17889238 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 0 klikk.
|
|
|