|
|
Herja med Curaçao - nå kan Noreg bli neste VM-motstandar Elfenbeinskysten vann 2-0 over Curaçao og sikra andreplassen i gruppe E. Det afrikanske laget kan difor bli Noregs motstandar i ein 16.-delsfinale i VM.
Allereie etter sju minutt spelt gjekk Elfenbeinskysten opp i leiinga og festa eit grep om andreplassen i gruppa.
Yan Diomande gjorde forarbeidet og fann Nicolas Pépé i feltet som sette ballen nedst i høgre hjørne. Med det fekk Pépé også si fyrste skåring i meisterskapet.
Curaçao hadde fleire gode overgangsmoglegheiter i fyrste omgang, men det skulle ikkje lukkast for VM-debutanten.
I andre omgang fekk Pépé ein sjanse til å doble leiinga. Han fekk ein pasning av Ibrahim Sangaré før han sette ballen opp i venstre hjørnet.
Elfenbeinskysten vann til slutt 2-0 og sikrar seg andreplass i gruppa. Det afrikanske laget kan møte Noreg i ein 16.-delsfinale, dersom Noreg tapar eller spelar uavgjort mot Frankrike på fredag. |
Publisert: 21:57 25-06-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 26-06-2026 klokken 10:29. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/herja-med-curacao---na-kan-noreg-bli-neste-vm-motstandar--1.17936655 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 1 klikk.
|
|
|