|
|
Scora fire minutt etter innhoppet – Bodø/Glimt tok komfortabel siger I solsteika i Oslo tok KFUM imot Bodø/Glimt søndag ettermiddag. Starten på kampen var prega av mykje spel fram og tilbake, med sjansar til begge lag.
Det var likevel bortelaget som fekk den første scoringa. Etter 24 minutt klinka Sondre Brunstad Fet ballen høgt opp i nettmaskene og sende glimt i føringa.
Mot slutten av den første omgangen festa Bodø/Glimt grepet om kampen og pressa vertane tilbake på eiga banehalvdel.
KFUM hadde sine moglegheiter til å svare. Magnus Grødem kom til eit par sjansar, men jærbuen greidde ikkje å finne vegen til mål.
Bodø/Glimt måtte klare seg utan sentrale spelarar som Patrick Berg, Jens Petter Hauge og Fredrik Bjørkan, men det hindra ikkje dei gulkledde i å ta kontroll etter pause.
I det 69. minutt kom Andreas Helmersen inn for Kasper Høgh. Berre fire minutt seinare markerte innbytaren seg då han sette inn 2–0 til bortelaget.
Sigeren gjer at Bodø/Glimt held fram på tredjeplass i Eliteserien, bak Viking og Tromsø.
KFUM blir ståande på 13. plass på tabellen. |
Publisert: 14:26 12-07-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 12-07-2026 klokken 16:39. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/scora-fire-minutt-etter-innhoppet-_-bodo_glimt-tok-komfortabel-siger-1.17956041 Artikkelen har til nå hatt 2 visninger og 1 klikk.
|
|
|