|
|
Viking raste mot ny regel – tilbake på tabelltopp etter siger mot LSK Det vart eit hett oppgjer med tøffe duellar og sjansar i begge endar då Lillestrøm tok imot Viking på Åråsen onsdag kveld.
På stillinga 2–0 til bortelaget etter ein dryg time, utspilte det seg ein spesiell situasjon.
Den nye regelen mot tidsdrøying blei for første gong brukt i Eliteserien, noko som fekk konsekvensar for Viking.
Då Viking skulle byte inn Ruben Alte for Zlatko Tripic, meinte dommar Rohit Saggi at Viking-kapteinen brukte for lang tid på å forlate bana. Dermed måtte Alte vente eit minutt før han kunne entre bana.
Dei mørkeblå måtte difor forsvare det neste hjørnesparket med ti spelarar på bana. Det utnytta Lillestrøm. Lars Ranger stanga inn 1-2 etter hjørnesparket og skapte ny spenning i kampen.
– Det er sånn som skjer då. Det er litt nye reglar. Vi må lære av det, sa Alte til NRK etter kampen.
Det tok 26 sekund frå lystavla kom opp til Tripic forlèt bana. Den nye regelen seier at spelaren som skal bytast ut, må vere ute av spelet innan 10 sekund.
Regelen blei innført i årets VM, og blei også innført i Eliteserien etter at VM-pausen var over.
– Vi opplev at Zlatko absolutt ikkje går av, han rusler veldig treigt, og då endar vi opp med å bruke regelen, sa Saggi om situasjonen.
Tripic meiner sjølve at han ikkje drøya tida.
– Nei, absolutt ikkje. Eg gav frå meg kapteinsbindet og så gjekk eg av på næraste plass, sa han.
Både Tripic, Alte og fleire på Viking-benken var synleg frustrerte då Alte blei halden igjen av fjerdedommar.
– Det er vanvitig surt for Viking som må spele i undertal i den situasjonen fordi bytet tok for lang tid, sa TV 2-kommentator Endre Olav Osnes under sendinga.
Gjestene rei likevel av stormen og tronar no øvst på tabellen. |
Publisert: 18:53 22-07-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 22-07-2026 klokken 23:07. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/viking-raste-mot-ny-regel-_-tilbake-pa-tabelltopp-etter-siger-mot-lsk-1.17966526 Artikkelen har til nå hatt 6 visninger og 0 klikk.
|
|
|