|
|
15-åring redda poeng for Vålerenga Vålerenga har vore i hardt vær etter at klubben tidlegare i veka selde kaptein Henrik Bjørdal til Viking på tampen av «Deadline Day».
På overtid borte mot Sarpsborg 08 redda 15 år gamle Gabriel Rajkovic poeng for Oslo-laget.
Heimelaget førte an i store delar av kampen, men to reduseringar heilt på tampen gjorde at kampen enda 2–2.
Heimelaget tok leiinga midtvegs i første omgang. Claus Niyukuri kom på eit vakker løp framover og etter litt veggspel med Victor Halvorsen fekk han plassert ballen i nettmaskene.
10 minutt før full tid får Sarpsborg 08 frispark. Frå 17 meter får innbytar Sondre Sørli draumetreff. Han smeller ballen forbi muren og tek heimelaget opp til 2–0.
Minutta seinare kjem reduseringa frå hovudstadslaget som bankar inn 2–1 signert Petter Strand.
Dette tente tydlegvis ein gnist hjå Vålerenga som på overtid utlikna og dermed sikra seg eit svært viktig poeng. |
Publisert: 16:55 06-09-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 06-09-2026 klokken 18:57. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/sport/15-aring-redda-poeng-for-valerenga_-1.18016082 Artikkelen har til nå hatt 4 visninger og 1 klikk.
|
|
|