|
|
Sogndal Fotball: Styret stiller plassane sine til disposisjon Styret i Sogndal Fotball IL har vedteke å stille plassane sine til disposisjon og kallar inn til ekstraordinært årsmøte 22. september, det opplyser klubben.
På årsmøtet skal det veljast nytt styre.
– Avgjerda er teken med omsut for klubben og eit ønske om å leggje best mogleg til rette for vegen vidare, skriv styret i meldinga.
Styret meiner eit skifte bør gjennomførast så raskt som mogleg, slik at eit nytt styre får tid til å kome inn i arbeidet og stake ut kursen framover. Det sitjande styret opplyser at det vil bidra til ei ryddig og god overføring av ansvar.
Dagens styre består av Jan Rune Årøy, Trude Ramstad, Nina Olsen Munthe, Knut Armand Iversen, Øyvind Heimset Larsen og Tom Rune Kongelf.
Dei siste månadane har klubben vore prega av uro. I sommar vart det kjent at fleire spelarar hadde levert bekymringsmeldingar om hovudtrenar Luis Pimenta.
Måndag opplyste klubben at arbeidsforholdet med trenaren er avslutta, etter at han vore borte frå rolla sidan 26. juni. |
Publisert: 08:08 08-09-2026 Kilde: NRK
Les hele saken hos |
|
|
Artikkelen tilhører kategorien: Artikkelen ble indeksert den 09-09-2026 klokken 13:36. Artikkelens direkte url er: https://www.nrk.no/vestland/sogndal-fotball_-styret-stiller-plassane-sine-til-disposisjon-1.18017622 Artikkelen har til nå hatt 3 visninger og 1 klikk.
|
|
|